Invitasjon til 4-løp i Nordhordlands karusellen

Eikanger IL har gleda av å kunna invitera til det 4-de løpet i Nordhordlands karusellen tysdag 28 mai. Løpet går på Gladihaugkartet og vil gå i terreng i sin heilhet. Det er bede om litt lengre løyper denne gangen og det er dei i forhold til normal lengde i terreng. Alle løypene er lagt slik at ein kjem litt opp i høgda og får litt utsikt for dei som har tid til å nyta den. Dei to kortaste løypene føl sti eller tydelige ledelinjer i terrenget. Dei to lengste har nokre reine terengstrekk.
Løypelengdene er:
Langløype ca. 4,7km, Minilang ca. 2,9km, Mellom ca. 1,9km og kortløypa er ca. 1,1km
Kartet på dei to lengste er i målestokk 1:10000 med ekvidistanse på 5m.
Dei to kortaste løypene får målestokk på 1:5000 og ekvidistanse 5m

Parkering blir på parkeringsplass med skiløypa på Hopsdal. Derifrå er det ca. 750m å gå til start langs merka sti.

Start mellom 17.30 – 18.30


Publisert 2013-05-23 12:44:39 av Ole Christian Børtveit

Skifte år: 201820172016201520142013


Sponsor:
Pizza Planet