HÅØY OPP OG NED PÅ TYSDAG!

Tirsdag 17. september arrangerer Kvernbit saman med Nordhordland Skiklubb bakke- og o-løpet «HÅØY OPP OG NED».

Bakkeløpet er frå eine kaien og opp til toppen på Håøy, for dei som spring o-løp er dette første strekket på minilang og langløypa, resten av løypa er ned att mot kaien.

Ein kan altså velja om ein berre vil springa bakkeløpet eller vera med på begge deler. Det høver såleis for fleire idrettar og er ein god peikepinn på korleis formen er.

O-løpet er nest siste i Nordhordlandskarrusellen , og der er 4 løyper å velja mellom, nybegynner, mellom, minilang og lang. Passer for liten og stor.


Løypene er noko kortare enn vanlig denne gangen grunna bratt lende.

Løpet har valgfri start mellom 17.30 – 18.30, men dei som kun vil springa bakkeløpet vil me ha første start kl 18.15. Det er ca. 25 minutt å gå frå blandeverket på Flatøy til Håøy så beregn god tid. Køyr saman om mogeleg då det er begrensa med parkeringsplassar.

Løpet er nr 8 i Nordhordlandsrankingen i orientering.

Arrangørlaga ynskjer velkomen til ei fysisk utfordring og sosial samankomst !

Publisert 2013-09-13 12:32:57 av Ole Christian Børtveit

Skifte år: 201820172016201520142013


Sponsor:
Pizza Planet