 | Tur-orientering 2008
a) Gå tur-orientering 9 tirsdagar på ulike stader i Nordhordland.
Du går ei løype kvar gong. Løypa er lett og fylgjer gjerne stiar. Det er ca.5 til 8 postar på løypa. Du kan starte når du vil mellom 17.30 og 18.30. Du må vere i mål før kl.20.00.
Det er inga tidtaking på tur-orientering. Du får eit eige tur-orienteringskort som du stemplar på kvar post. Det kostar 40.- for vaksen og 20.- for born kvar gong.
(maks 60.- pr. familie.) Du kan få hjelp med kart, løype og kompass før du startar.
Dei som går tur-orientering er med på trekninga av sjokolade og pizza kvar gong.
Flotte deltakarpremier samanlagt, må ha delteke minst 5 av 9 gongar. For dei som betalar fam.kontigent kr. 60.-, kan 1 vaksen og eit born få deltakarpremie. (Evt 3 born)
Du kan og ta gull, sølv eller bronse i tur-orientering.
b) Du kan og gå tur-orientering når du sjølv vil etter andre postar som heng ute heile sommarhalvåret , frå 15.april til 15.oktober
Kvernbit Il sel på Rema 1000 og Intersport på Frekhaug og i Knarvik på Atleten.
I år har vi laga eit eige kart med postar for borna. Premiar blir trekte blant deltakarane.
Postene er i område på Frekhaug. Pris 110.-
Eikanger Il sel på Hjelmås handelslag, Vaage karoseri, Kløve daglegvarer og på Atleten i Knarvik. Postene er i område Eikangervåg-Høyland-Fammestad .Pris kr 100.-
Spørsmål kan rettast til Øivind Eikefet eller Truls Corneliussen
Sist oppdatert Heine Furubotten av 2009-03-03 23:32:00
|